19. Mars 2011: Diktet "Undring" frå eit medlem i forsamlinga
Eg vender mitt hjarta til deg, Herre !
For Du har favna om meg.
Du drar meg til Deg!
Du har skapt meg, slik Du ville, Herre!
Du har elska meg først,min Gud!
Du er allmektig,
Heilag,
og Evig.
Du er kjærleikens opphav.
Du veit alt, og er likevel Rettferdig.
DU ER
Og DU som VAR, og som ER, og som ALLTID vil væra,
DU vil ha med MEG å gjera.
Du lot Din dyrebare son's blod renna over mine overtredelser,
så dei er sletta ut.
Du lot Jesus dø, for at eg sku få leva!
Du frelste MEG den dagen på Golgata !
Det var Din plan.
Takk GUD!
Du elskar meg med ein Evig kjærleik,
enda Du kjenner alle mine tankar, Gud.
Enda Du ser i djupet av mitt hjarta, Gud,
så kallar Du og drar meg inntil Deg.
Ingen er som Deg, Herre!
Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta,
prøv meg og kjenn mine tankar.
Sjå om eg er på den vonde vegen,og lei meg på Ævevegen! ( sl: 139,23-24 )